Medlemskap
Som digitalt medlem vert du ein del av det skrivande fellesskapet uavhengig av kvar du bur, og har moglegheit til å påverke den vidare utviklinga av Skriverom.
-
Samskrivingsøktene våre vil gå føre seg over Zoom, og følgjer Pomodoro-metoden: 15 minutt pause og 45 minutt skriving. I pausene vil det vere rom for å snakke med dei andre medlemma.
-
Kvar månad vel vi ut ei bok som vi skal diskutere i fellesskap i slutten av månaden. Boka for september vert Et Livsverk av Tore Renberg, men kva vi skal lese dei resterande månadane er opp til medlemma våre å avgjere.
-
Under desse øktene vil det vere rom for å få tilbakemelding på eit tekstutdrag, eller diskutere noko and. si eiga tekst.
Ein sender inn utdraget ein vil få tilbakemelding på til oss på mail på førehand, og seier i frå om ein vil lese sjøl eller ikkje, og kva type tilbakemelding ein er ute etter. Det same gjeld det ein vil diskutere. Send gjerne spørsmålet eller temaet til oss på e-post på førehand, og om du vil ta det opp sjølv, eller om ein av oss skal ta det opp for deg.