Om oss
Ideen bak Skriverom starta over ein kopp kaffi mellom vennar, slik mange idear ofte gjer. Vi snakka om kva vi som unge skrivande både sakna og ønskja oss, og bestemte oss for å lage dette sjølve.
Skriverom er per i dag eit digitalt skrivefellesskap. Vi ønskjer å legge til rette for at skrivande, uavhengig av kvar ein kjem frå og kva ein jobbar med, kan kome i kontakt med kvarandre. Målet er å kome på plass i eit fysisk lokale i hovudstaden, og der lage til ein god arbeidsplass og møtestad for skrivande.
Kven står bak Skriverom?
Hauk Engelien
Emilie Hansen
Dagleg leiarKreativ leiarKontakt oss
Har du eit spørsmål, noko du lurer på, eller kanskje ønskjer du å samarbeide med oss? Ta gjerne kontakt gjennom skjemaet under.
-
Per i dag er Skriverom eit digitalt skrivefellesskap. Men vi jobbar med å kome oss på plass i eit fysisk lokale i hovudstaden.
Då vil Skriverom vere eit lågterskel tilbod for skrivande menneske, som ønskjer seg ein triveleg stad å jobbe og å kome i kontakt med andre som òg arbeider med ord og tekst.Hos Skriverom vil der vere både område ein kan jobbe i fred og ro, og sosiale soner ein kan prate med sine skrivande kollegaar.
Slik kan ein veksle mellom dei ulike områda, alt etter kva ein har behov for der ein er i sin prosess: Arbeidsro, idémyldring, eller sosialt påfyll. -
Det er viktig for oss å:
skape eit innbydande og inkluderande miljø
ha ulike medlemspakkar til ulike prisar (økonomi skal ikkje vere grunnen til at ein ikkje kjenner på tilhøyrsle)
lage ein god arbeidsplass med både stille (lese og skrive) og sosiale soner (idemyldre, diskutere, sosialisere)
arrangere ulike arrangement i løpet av månaden (lesesirkel, forfattermøter, sosiale treff, m.m.)
tilby digitale medlemskap slik også dei utanfor hovudstaden kan ta del i eit skrivande fellesskap
kommunisere mest mogleg på nynorsk
-
Du kan enkelt melde deg inn her på nettsida vår, ved å trykke på medlemskap øverst på sida.
Per i dag tilbyr vi berre digitale medlemskap. Når vi har funne eit passande lokale, vil vi oppdatere tilboda våre. -
Som digitalt medlem får du tilgong på fleire samskrivingsøkter i veka, diskusjon- og tilbakemeldingsøkter, Skriverom sin lesesirkel, og moglegheit til å kome i kontakt med andre skrivande rundt om kring i landet.
Du får også moglegheita til å påverke Skriverom si vidare utvikling. Vi ønskjer å lage ein plass som er tilpassa medlemma våre sine behov, og set stor pris på tilbakemeldingar og deling av ønskjer og tankar. -
For augenblinken er vi heildigitale, medan vi er på leit etter eit kontorlokale for medlemma våre. Vi håpar i flytte inn i eit sentrumsnært lokale om ikkje så altfor lenge!
-
Du kan lese personvernserklæringa vår og om bruken av cookies på denne sida her.