Personvernserklæring

Det er viktig for Skriverom å behandle personopplysingar på ein trygg, ansvarleg og transparent måte, i samsvar med personopplysningslova og EUs personvernfordring (GDPR). Denne personvernserklæringa skildrar korleis vi samlar inn, brukar, lagrar og beskyttar personopplysingar når du besøker nettsida vår, opprettar eit medlemskap eller brukar våre digitale tenester. 

Vi samlar inn og behandlar personopplysingar i følgjande situasjonar: 

  • Oppretting av medlemskap og betalinga av dette

  • Kontaktskjema: Dersom du kontaktar oss via skjema, lagrar vi namn, e-postadresse og innhaldet i meldinga di for å kunne svare deg. 

  • Informasjonskapslar (cookies): Vi samlar inn anonymisert informasjon om korleis du brukar nettsida gjennom analyseverktøya til Squarespace. 

  • Vi behandlar opplysningane for å svare på henvendingar som kjem via nettsida, for å betre brukeropplevinga og funksjonaliteten på nettsida vår, og for å danne og ha oversikt over medlemskap.

Oppretting av medlemskap

Når du opprettar eit digitalt medlemskap hos Skriverom, samlar vi inn og behandlar opplysingar som er nødvendige for å opprette og administrere medlemskapet.

Dette kan blant anna vere: 

  • Namn

  • E-postadresse

  • Innloggingsinformasjon og opplysingar knytta til medlemsprofilen

  • Betaling- og transaksjonsinformasjon

  • Informasjon om medlemskap, abonnement og kjøpshistorikk

  • Tekniske opplysninger knyttet til bruk av nettside og tenesten

  • Opplysingar som genererast gjennom bruk av nettsida og medlemsløysinga

Når du opprettar eit medlemskap hos Skriverom, er det nødvendig å behandle enkelte personopplysingar for å kunne inngå og oppfylle medlemsavtalen.

Desse opplysingane er: Namn, alder/fødselsdato, e-postadresse, postadresse, kjønn (valfritt), nasjonalitet, bruker-ID (brukernavn), passord (kryptert), kontoaktivitet (eks. innloggingar), brukerpreferansar (eks. Interesser, grensesnitt, innhold), personvern- og sikkerhetsinnstillinger, lagrede søk, supporthenvendingar og -dialog, moderatorstatus (utestengt, begrunnelse, gjennomgangskø), statistikk (eks. kontoalder, bruk).

Desse personopplysingane samlar vi inn direkte frå deg og eventuelt gjennom din kontakt med kundeservice, samt via verktøy for sporing av individuell brukeratferd. Dersom du brukar tredjepartstenester for innlogging, mottek vi data direkte frå den aktuelle tredjepartstenesten, for eksempel via PayPal.

Vi bruker personopplysninger for å: 

  • Opprette og administrere medlemskapet ditt

  • Gi deg tilgang til din medlemsprofil og våre digitale tenester

  • Gjennomføre og administrere betalingar eller transaksjonar

  • Kommunisere med deg om medlemskap og tenestene vi tilbyr

  • Handtere spørsmål, henvendingar og kundeservice

  • Sikre og forbetre nettsida og tenestene våre

  • Oppdage og forhindre misbruk, sikkerheitshendingar og uautorisert tilgang

  • Oppfylle juridiske forpliktingar, blant annet krav tilknytt regnskap og bokføring

  • Analysere bruk av nettsida når dette skjer på grunnlag som er tillatt etter gjeldende personvernregler

  • Motta og handtere påmeldingar

  • Administrere skriveøkter, kurs, workshops og deltakere

  • Sende relevant informasjon før, under og etter skrivøkter, kurs og workshops

  • Registrere oppmøte eller fullføring

  • Dokumentere deltakelse for kompetanseutviklingsformål

  • Samle tilbakemeldingar for å evaluere og utvikle skriveøkter, kurs og workshops

  • Statistikker og forbetring av administrasjon av skriveøkter, kurs og workshops

Vi lagrer personopplysninger så lenge det er nødvendig for formålet de ble samlet inn for.

Opplysingar knytt til eit aktivt medlemskap lagrast normalt så lenge medlemskapet består.

Når medlemskapet avsluttast, vil personopplysingar som ikkje lenger er nødvendige, bli sletta eller anonymisert innan rimeleg tid.

Enkelte opplysingar kan likevel måtte lagrast lenger fordi vi er juridisk forpliktet til dette, for eksempel dokumentasjon som omfattast av reknskaps- og bokføringsreglane.

Betaling

Betaling for medlemskapet kan gjennomførast gjennom betalingsleverandøren PayPal.

PayPal håndterer betalingsinformasjonen som er nødvendig for å gjennomføre betalingen. Vi har derfor normalt ikke tilgang til komplette kortopplysingar som kortnummer og sikkerhetskode.

Vi mottar opplysingar som er nødvendige for å registrere og administrere betalinga, for eksempel informasjon om transaksjonen, betalingsstatus og kva for ein kunde eller ordre betalinga gjeld.

Betalingsinformasjon kan behandlast av PayPal i samsvar med PayPal sine eigne vilkår og personvernsreglar.

Kontaktskjema

Svar på kontaktskjema vert behandla basert på ei interesse for å kunne yte kundeservice. 

Bruk av informasjonskapsler (cookies) til analyse og markedsføring baserer seg på ditt samtykke, som du gir i vårt cookie-banner. 

Vi deler kun nødvendige personopplysingar for å gjennomføre og administrere skriveøkter, kurs og workshops, og dette skjer uten ytterligere samtykke. Deling skjer med følgende aktører og formål: 

  • Skriveøkt-, kurs- og workshopholdere som trenger informasjon om hvem som deltar på kurset. 

  • Systemleverandør for Skriverom.com (Squarespace). 

Vi sel ikkje personopplysingane dine vidare. Vi brukar databehandlaren Squarespace for å drifte nettsiden. Desse har eigne databehandleravtaler og kan ikkje bruke dine opplysingar til andre formål enn det som er avtalt med oss. 

Vi lagrar dine personopplysingar kun så lenge det er nødvendig for å oppfylle formålet dei vart samla inn for. Henvendingar via kontaktskjema vert normalt sletta innan 6 månadar etter at saka er avslutta. 

Digitale skriveøkter og zoom

Skriverom tilbyr digitale felles skriveøkter gjennom videokonferanse- og kommunikasjonsplattformer, blant annet Zoom.

Når du deltek i ei digital skriveøkt, kan opplysingar om deltakinga di verte behandla av den aktuelle plattformleverandøren. Dette kan for eksempel vere namn, e-postadresse, tekniske opplysingar og opplysningar om tidspunkt for deltaking.

Dersom funksjonar som lyd, video eller chat benyttast under ei skriveøkt, kan opplysingar som du sjølv vel å dele gjennom desse funksjonene verte behandla av plattformsleverandøren.

Vi anbefalar at du gjer deg kjent med personvernsreglane til den aktuelle plattforma før du deltek.

Skriverom tek ikkje opp eller lagrar lyd eller video fra skriveøktene. 

Endringar i personvernserklæringa

Denne personvernserklæringa er utarbeida 16.08.2026. 

Vi oppdaterar denne erklæringa ved behov. Ny versjon vert publisert på same nettstad med oppdatert dato. 

Rettar

Skriverom er behandlingsansvarleg for personopplysingane som vert behandla på denne nettsida. Vi ber deg ikkje om fleire opplysingar enn det som er nødvendig for dei aktuelle formåla.

Du har blant anna rett til å:

  • Be om innsyn i kva for nokre opplysingar vi har lagra om deg. 

  • Krevje at feilaktige opplysingar vert retta eller sletta. 

  • Trekke tilbake eventuelle samtykke du har gitt oss (for eksempel samtykke til cookies). 

Kontaktperson: Hauk Engelien

E-post: kontakt@skriverom.com

For å nytte deg av dine rettar, kan du kontakte oss på kontakt@skriverom.com. Vi vil behandle forespurnaden utan ugrunna opphald, og så snart som mogleg. 

Informasjonskapslar

Vi brukar informasjonskapslar (cookies) og liknande teknologiar på nettsida vår.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert lagra i nettlesaren eller på einheita di når du besøker ei nettside.

Vi kan bruke informasjonskapslar for eksempel til:

  • å få nettsida og innloggingsfunksjonane til å fungere

  • å huske innstillingar og preferanser

  • å sikre tenestane våre

  • å forstå korleis nettsida brukast

  • å forbetre brukaropplevinga

Informasjonskapslar kan vere nødvendige for at nettsida og medlemsløysinga skal fungere. Andre typar informasjonskapslar kan krevje ditt samtykke.

Vi informerar om kva for nokre informasjonskapslar som brukast og gir deg moglegheit til å ta stilling til dei informasjonskapslane som krevjer samtykke.